Handverk

Samnanger kan by på tradisjonsrikt handverk med nye bruksområde for moderne menneske!

Handverk i ei ny tid
På Économusée Fjordtønna har bøkkertradisjonen frå ei nær fortid fått ei renessanse.

I LAGA-butikken på Bjørkheim finn du mellom anna lokale handverksprodukt i smijern, tre, tekstil og garn.

I Samnanger bur og arbeider òg ei rekkje kunstnarar som kan kontaktast. I Galleri smio på Ytre Tysse har Samnanger kunstlag utstillingar kvar sommar.


Fjordtønna

Dra innom Fjordtønna! Her kan du sjå korleis Johannes Tysse og familien lagar tønner frå grunnen av. Tønnene kjem i mange fasongar og kan nyttast som gåver, til oppbevaring av cognac, vin og sild, og som serveringsfat for private hushald og i hotellnæringa. Her finst salsutstilling og mykje å læra for store og små.
Les meir…

LAGA Samvirkelag

LAGA er ei lita krambu som tilbyr kreativt handverk frå flittige hender. I dei trivelege lokala på Bjørkheim får du møta menneska og produkta deira.
Les meir…

Samnanger kunstlag og kunstnarar i Samnanger

I Samnanger bur og arbeider profilerte kunstnarar som du kan kontakta. Dei arbeider innan samtids- og kyrkjemusikk, tekstil- og biletkunst (collage, silketrykk, olje og akvarell, grafikk og teikning), treskjering, skjønnlitteratur og sakprosa. Bak Samnanger kunstlag står lokale kunstnarar og eldsjeler som skipar til utstillingar ute og inne i vår- og sommarhalvåret.
Les meir…