Fjordtønna

Like ved tettstaden Ytre Tysse, på eit lite platå som reiser seg over Samnangerfjorden, ligg slektsgarden til Johannes Tysse. Her driv han Économusée Fjordtønna i lag med kona Hjørdis og sonen Odd Magnar. Her kan du få oppleva korleis ei tønne vert laga, og attpå til ved hjelp av maskinar som Johannes Tysse har konstruert sjølv! Familien Tysse fortel og forklarar alt ettersom kor interessert du er – og er du det ikkje frå før, så vert du det!

Tradisjonelt handverk – bøkring og bøkkertradisjon på Vestlandet
For dei fleste småbruka på Vestlandet er attåtnæring naudsynt. Tradisjonelt har dette vore innan fiske, jakt og handverk. Bøkring var heilt sentralt: Tønner vart nytta til oppbevaring, konservering og som emballasje. Såleis er verksemda på garden til Johannes Tysse i tråd med gamal tradisjon. På same måten som eit småbruk i det norske fjordlandskapet har vist evne til å overleva i hundrevis av år, har tønnene overlevd inn i vår tid og får no nye bruksområde.

Eldsjelene på Fjordtønna tek i vare handlingsbåren kunnskap og tradisjonar. Familien Tysse har lagt vekt på å føra vidare det beste frå den gamle bøkkerverksemda med å laga små og middels store tønner i høg kvalitet – no tilpassa marknaden i vår tid. Dette arbeidet har gjeve Fjordtønna Bygdeutviklingsprisen for Hordaland og heiderleg omtale i samband med Hordaland fylkeskommune sin Oppfinnarpris.

Tønnene er ikkje berre til pynt
Tønnene er svært godt eigna for oppbevaring av alt frå vin til sild, og dei vert òg nytta til servering i hotellnæringa og i private hushald. Mange tønner finn vegen til gåvebordet i samband med jubileumsfestar – du kan få inngravert namnet til jubilanten om du ønskjer det. Les meir om produktutvalet på heimesida til Économusée Fjordtønna. Fjordtønna er del av satsinga på Économusée nasjonalt og internasjonalt.

Fjordtønna
Indre Tysse 56
5650 TYSSE

Kontaktinformasjon:
Telefon: 56 58 63 25 / 922 53 785
E-post: post@fjordtynna.no
Internett: www.fjordtynna.no

Gå til heimesida