Informasjon

Hjarteleg velkomen til eit besøk i Samnanger – anten du køyrer Fylkesveg 7 mellom Bergen og Hardanger eller legg båten til kaien på Ytre Tysse!

Attraktive Samnanger
Samnanger kan tilby spektakulære naturopplevingar til fjells og på fjorden, adrenalinkick i skibakken og 7 merkte turstiar berre 40 minutt frå Bergen. Du kan nyta kortreist delikatessemat som til dømes modne ostar frå lokalt ysteri og roastbiff av hjort – og andre matopplevingar med og utan eksotisk snert. I Samnanger finn du handverk med appell til moderne menneske. Har du til dømes lyst til å oppleva korleis ein lagar ei cognactønne frå botnen av?

Tettstadane Bjørkheim og Ytre Tysse
Samnanger har to tettstader: Ytre Tysse og Bjørkheim. På kaien, i miljøgata og i Tusenårsparken på Ytre Tysse kan du slappa av og nyta utsikten. Sit du ei stund i parken kan du høyra verket «Samn» av komponist Eilert Tøsse strøyma frå ein lydinstallasjon. Etter ein handletur på Bjørkheim kan du kvila deg på benken inne i den arkitektonisk nyskapande Paviljongen, med vakker utsikt over Samnangerfjorden.

Levande kulturhistorie
Er du interessert i veteranbilar og 50- og 60-talet si kulturhistorie bør du kontakta Antons kulturhistoriske senter på Frøland – verda blir ikkje den same etter ei vitjing! Ønskjer du å følgja spora etter kraftutbygging og nyare industrihistorie –  eller oppleva unike kulturminne medan du er på fottur? Klikk deg vidare på portalen og les meir om kva me kan tilby! Les meir om kommunen på kommunen sine eigne nettsider.


Varer og tenester i Samnanger

Byggjer du på hytta? Har du behov for matvarer, heimelaga mat – eller ønskjer du deg SPA og hudpleie etter skituren? Samnanger tilbyr eit utval av varer og tenester til deg som er på ferie.
Les meir…