Lokal mat

Fristar det med roastbiff av hjort frå Samnanger eller ostekake av fersk kremost frå Osteriet i Samnanger, med heimelaga saft og syltetøy til? Har du lyst til å smaka tradisjonsrik mat og eksotiske rettar basert på lokale råstoff?

Unik smak og berekraftig utvikling
I Samnanger finn du produsentar av kjøtvarer, mjølkeprodukt, bær og frukt. Det vert til dømes nytta villsaulam frå Kvednes, hjortekjøt frå Trengereidfjorden og mjølk frå ku og sau i Frølandsdalen. Bær og frukt kjem frå Samnanger og nærliggjande område i Hardanger.

Når du kjøper kortreist mat er du med på å halda ved like lokal råvareproduksjon blant bøndene. Visste du at kvart tredje gardsbruk på Vestlandet vart lagd ned i perioden mellom 1999 – 2007? Dei siste 40 åra har 70% av vestlandsgardane slutta å produsera råvarer. I Samnanger gjer me noko med det!


LAGA Samvirkelag

Stikk innom LAGA på Bjørkheim for ei smaksoppleving utanom det vanlege! LAGA leverer kortreiste delikatessar  – til businessmøtet ditt eller til jubileumsfesten!
Les meir…

Sigmundstovo Gjesthus

Hos Sigmudstovo står dei ekte og naturlege smakane i fokus og dei tilbyr rustikk og smaksrik mat basert på lokale råvarer, laga med kjærleik og omtanke. Sigumundstovo kan tilby fire varme og lune rom med til saman åtte sengeplassar og to bad. Kvart rom har sitt eiga særpreg
Les meir…

Fjordtønna

Fjordtønna kan tilby delikat, heimelaga mat i samband med at grupper kjem på omvisning.
Les meir…

Bjørkheim Kro & Motell

Legg lunsjen til Bjørkheim Kro! Frå Bjørkheim Kro & Motell kan du tinga selskapsmat til bryllaup, jubileum eller andre arrangement.
Les meir…