Opplev!

Unn deg sjølv å oppleva Samnanger – som byr på meir enn vill og vakker natur! Møt eldsjeler som ikkje er redde for å vera nyskapande samstundes med at dei tek i vare lokale tradisjonar. Få del i forteljingane, kunnskapen og engasjementet deira  – og opplev noko utanom det vanlege.

Naturopplevingar
I Samnanger kan du få med deg spektakulære naturopplevingar til fots, i kano eller på ski. Aldal friluft tilbyr guide på turen om du ønskjer eit skreddarsydd opplegg. Eikedalen skisenter lovar adrenalinkick for store og små. Du finn meir under Ut på tur!

Mat, kunst- og kulturopplevingar
Om du går innom LAGA butikken på Bjørkheim, møter du entusiastar av unik kaliber!
Du kan nyta sunn, kortreist mat av lokale råvarer og møta menneska som står bak produkta og råvarene. Dei har historiar å fortelja!

Hjå Antons kulturhistoriske senter kan du kosa deg og drikka kaffi i ei levande utstilling om 50- og 60-talet medan du lyttar på gamle klassikarar frå jukeboksen. Anton vil ta deg med på ei reise i bilen si kulturhistorie som du ikkje vil gløyma.

Samnanger er perfekt for dagsturar frå Bergen for dei som vil oppleva tradisjonelt handverk som bøkring og bøkkerhistorie ved Économusée Fjordtønna på Ytre Tysse. Sjå korleis ei eiketønne vert til! Familien Tysse fortel og forklarar alt ettersom kor interessert du er – og er du det ikkje frå før, så vert du det!

I Samnanger kan du oppleva eit rikt, lokalt kulturliv. I Samnanger kyrkje på Ådland og i lokale kulturhus er det til tider konsertar. I lokalavisa Samningen finn du informasjon om kunstutstillingar og andre lokale kulturarrangement.

Tomas Martin Nordvik stiftelse forvaltar særeigne kulturminne i Nordvika-området og kan kontaktast. Etter avtale kan du vitja ein autentisk treskofabrikk frå tidleg 1900-talet. Ta kontakt med Minnefondet etter Brødrene Reistad. Samnanger har eit aktivt historielag.


Aldal friluft

Leig kano for ein dag, ta med familien og opplev padleturar på fjorden! Om du har trong for særskilt tilrettelegging, kan Aldal friluft laga ei aktivitetspakke. Du kan til dømes få dra line og fisk, byggja leirplass, og læra om natur og friluft. Aldal friluft tilbyr sunne og spanande sommaropplevingar for alle –  og kan tilretteleggja særskilt for deg som treng noko ekstra!
Les meir…

Sigmundstovo Gjestehus

Hos Sigmudstovo står dei ekte og naturlege smakane i fokus og dei tilbyr rustikk og smaksrik mat basert på lokale råvarer, laga med kjærleik og omtanke. Sigumundstovo kan tilby fire varme og lune rom med til saman åtte sengeplassar og to bad. Kvart rom har sitt eiga særpregLes meir…

Antons kulturhistoriske senter

Har du sans for veteranbilar, gamle reklameplakatar, vekeblad og leikar frå ei nær fortid? Besøk Antons kulturhistoriske senter – få med deg eit autentisk møte med 50- og 60-talet!
Les meir…

LAGA Samvirkelag

LAGA er ei lita krambu med dei gode smakane av heimelaga mat og kreativt handverk frå flittige hender. Opplev menneska og produkta deira. Prøvesmaka får du òg!
Les meir…

Fjordtønna

Besøk Johannes og familien på Fjordtønna – eit museum med full produksjon. Her kan du oppleva korleis ein mellom anna designar og produserer vintønner, cognactønner og ei rekkje andre kvalitetsprodukt i tre basert på gamal handverkskunst i kombinasjon med moderne design og teknologi. Salsutstilling.
Les meir…

Eikedalen skisenter

Berre 10 minutt frå Bjørkheim i Samnanger ligg det største alpinanlegget i Bergensområdet. Lær deg å stå på ski i skibakkar som er tilpassa nybyrjarar, eller ta fjellheisen for å få opp adrenalinet i ekspertbakken. Med over 13 løyper og 8 skiheisar er Eikedalen eit perfekt reisemål for ein familieweekend på ski.

Eikedalen skisenter ligg ved inngangen til Kvamskogen, som er fjellplatået mellom Samnanger og Hardanger. Det tar ca ein time å nå Eikedalen frå Bergen, og det er ein populær utfartsstad for folk i Bergensregionen, spesielt om vinteren. Eikedalen er for turgåing, langrenn og alpinsport, og for deg som vil kosa deg i varmestova og kafeen etterpå. Sjå snørapport eller live webkamera.
Les meir…