Aldal friluft

Kva er vel betre enn å få oppleva norsk natur og friluft på fjorden og i fjellet? Ta med familien og leig kano – gje borna dine eit solid avbrekk frå PC’en! Aldal friluft ligg inst i Samnangerfjorden, berre 40 min frå Bergen Du kan tinga ei skreddarsydd opplevingspakke tilpassa dine behov og ønskje – til dømes kanotur, fiske, guida fjelltur, overnatting i lavvo og utfordringar under trygge omgjevnader. Om du vil kan Annette Hovland kan vera guiden din.

Aldal friluft – engasjement for frisk livsstil og naturopplevingar
Aldal friluft vert driven av Annette Hovland. Ho har høgskuleutdanning innan friluftsliv og idrett og har spesialisert seg på å leggja til rette for friluftsaktivitetar. Aldal friluft tilbyr kundane flotte naturopplevingar slik at dei får utfordra seg sjølve og læra om naturen i godt lag og under trygge omgjevnader.

Naturopplevingar for alle
Annette Hovland kan laga eit friluftstilbod etter kundane sine ønskje. Ho kan skreddarsy opplegg for brukarar med særskilde behov, til dømes menneske med ulike former for funksjonshemmingar eller psykiske helseplager. Sjekk heimesida for meir informasjon om tilrettelagde friluftspakkar.

Fjell, foss, fjord og skog – utfordringar for alle
Den varierte naturen i Samnanger dannar ei flott råme for friluftsaktivitetar, og Aldal friluft er eit naturskjønt utgangspunkt for fiske på fjorden, bading ved fossen, overnatting i lavvo, fjellturar og bålbrenning i fjæra. Ved å skapa positive naturopplevingar gjennom aktivitet i ein trygg sosiale samanheng, ønskjer Aldal friluft å vera ein bidragsytar til å skapa varig kunnskap og interesse for naturen og ein sunn livsstil blant alle menneske.

Ikkje nøl med å ta kontakt med Annette Hovland om du ønskjer meir informasjon om komande friluftsleirar, om du er nyfiken på ein kanotur på Samnangerfjorden, eller om du har tankar og ønskje om ei meir skreddarsydd naturoppleving. Følg med på heimesida til Aldal friluft for kunngjering og booking av sommarleir og andre aktivitetar!

Annette Hovland
Aktivitetskonsulent

Kontaktinformasjon:
Telefon: 992 64 273
E-post: annette@aldalen-friluft.no
Internett: www.aldalen-friluft.no

Sosiale medier:

Gå til heimesida