Antons kulturhistoriske senter

Med veteranbil til 50- og 60-talet – då me samla oss kring jukeboxen og reklameskilt var kunst! Opplev DeSoto, Radionette og Coca-Cola frå ei nær fortid i Antons kulturhistoriske senter. For dei unge med sans for nostalgi vert dette eit spanande møte med livet og gjenstandar frå ei svunnen tid. Dei vaksne kan hugsa attende –  Antons kulturhistoriske senter får minna på glid. Ikkje minst er Anton flink til å fortelja!

Upolert og rustikt
Antons kulturhistoriske senter tilbyr ei autentisk oppleving av 50 – og 60- talet. Her finn du ein bilpark som gjer einkvar veteranbilentusiast mjuk i blikket. Set deg ned i ei av sofagruppene frå den tida og les gamle vekeblad over ein kopp kaffi. Høyr klassikarar på vinyl strøyma ut frå jukeboksen! I utstillinga finn du alt frå leikar til gamle kamera og utstyr frå 50-talet sitt hushald.

Kom til senteret og møt entusiasten Anton K. Drønen 
Anton fekk ei sterk interesse for bilar i barndomen, og med dette vaks òg interessa for 50- og 60-talet i sin heilskap. Frå barnsbein av byrja Anton å tileigna seg gjenstandar frå denne tida. Med dette vaks interessa for kulturhistorie og det autentiske frå denne tidsperioden, noko som har vore drivkrafta bak det han har realisert. Han har samla objekt og restaurert bilar sjølv i fleire tiår, og han har enno ikkje runda 50 år! Då han fekk høve til å pussa opp og fylla ein gamal skulebygning i Samnanger med samlinga si, vart dette byrjinga på Antons kulturhistoriske senter.

 

Antons Kulturhistoriske Senter
Frøland 9
5650 Tysse

Kontaktinformasjon:
Telefon: 922 86 972
E-post: post@anton-s.no
Internett: www.anton-s.no

Gå til heimesida