LAGA Samvirkelag

LAGA er ei lita krambu med dei gode smakane av heimelaga mat og kreativt handverk frå flittige hender. Her finn du god mat som tirrar smakssansane, ekte handverk og lokalt engasjement til tusen. Ta turen innom LAGA på Bjørkheim for å prøvesmaka og kjøpa med deg lokal mat på turen og handverk til hytte eller heim! Og ikkje minst: Møt dei som står bak og som villig delar røynsler med kundane sine!

Sju driftige damer og produkta deira 
Sju driftige damer gjekk hausten 2010 saman og danna samvirkelaget LAGA. Butikken vart opna i februar 2011, og her tilbyr dei eit flott og spanande utval av eigenprodusert mat og handverk.

Kortreiste delikatesser
LAGA brukar mest mogleg lokale råvarer til å laga delikatessemat som kombinerer tradisjon og internasjonale trendar. Her finn du alt frå råmjølkspudding og heimebaka flatbrød til chilisyltetøy og tandoorimarinert kalkunpålegg. LAGA byr på modne ostar frå lokalt ysteri og gode produkt av hjort og villsau.

Kunst og handverk frå dyktige hender
Damene har like stor grunn til å vera stolte av å visa fram LAGA sitt assortiment innan kunst og handverk. Her finn du biletkunst og brukskunst – keramikk, åkle, smijern, knivar, dukar og strikkeprodukt. Mange av leverandørane har liten og eksklusiv produksjon og utvalet vil difor variera heile tida. Det kjem alltid noko nytt frå flittige hender og lokalt engasjement i Samnanger!

LAGA har varer for alle merkedagar i året, for eksempel til mors- og farsdag, påske og jul. Kjøp gåver til dine kjære på LAGA! Helgekosen er heller ikkje utegløymd, så ta gjerne turen innom for noko ekstra spanande til helga.

LAGA Samvirkelag

Kontaktinformasjon:
Bente Getz
Telefon: 902 37 250
E-post: bente_getz@hotmail.com

Rita Taule
Telefon: 943 20 603
E-post: rita.taule2@bluezone.no

Internett: www.laga-samvirke.no

Sosiale medier:

Gå til heimesida