Sigmundstovo Gjestehus

Sigmundstovo Gjestehus er ein lett tilgjengeleg perle ved Samnangerfjorden, berre 40 minuttar frå Bergen. Hos Sigmudstovo finn du ro i vakre omgivnadar, eit smakfullt måltid i den romantiske spisestova og ro i historiske omgivnadar.

Mat
Sigmundstovo tilbyr rustikk og smaksrik mat basert på lokale råvarer, laga med kjærleik og omtanke.

Hos Sigmudstovo står dei ekte og naturlege smakane i fokus. Dei ynskjer å kombinere tradisjonelle råvarer, med nye spanande smakar frå alle kontinent. På den måten vonar dei å skapa noko nytt med respekt for det gamle.

Rita er utdanna kokk, og har jobba seg gjennom Noreg frå Pasvikdalen i nord til Stavanger i sør. Pasvik Taiga var Ritas fyrste møte med eit reindyrka konsept basert på lokale råvarer. Dette fasinerte og utfordra ho på alle måtar, og ho har bygd vidare på denne kunnskapen gjennom karrieren. Rita veit no at nykelen ligg i det å våge og å vera liten nok til at det er naturleg å gjera alt sjølv.

På Sigmundstovo Gjestehus lagar me alt sjølv, i godt samarbeid med lokale bønder. Hos Sigmudstovo kan du nyta heimelaga syltetøy og pålegg til frukost, fisk frå fjorden til lunsj, og til middag serverar dei deg gjerne lokal hjorte- eller villsaukjøtt laga med inspirasjon frå heile verda.

Overnatting
Sigumundstovo kan tilby fire varme og lune rom med til saman åtte sengeplassar og to bad. Kvart rom har sitt eiga særpreg, men den originale tømmerveggen finn du igjen på alle rom. Dørar og golv er henta fram og restaurert til sitt opphav og du kan sove deg gjennom ei 100 år lang historie.

Selskap
Hos Sigmundstovo får du ei unik ramme rundt selskapet ditt. Måltidet blir servert i den heimekoslige og stilfulle stova, kor dei kan servera opp til 35 gjestar. Du vil kjenne gjestefriheita og varmen som alltid har prega måltidene i denne stova.
Vertskapet vil ta godt vare på deg uansett anledning. Et godt sted for alle anledningar!

Sigmundstovo Gjestehus

Kontaktinformasjon:
Sigmundstovo gjestehus
Telefon: 943 20 603
E-post: post@sigmundstovo.no

Internett: http://www.sigmundstovo.no

Gå til heimesida