Sjå!

Om du likar å sjå spektakulære fossar og fjell eller er interessert i industrihistorie og kulturminne, er Samnanger noko for deg! Om du er meir urban og likar moderne kunstverk og design, byr Samnanger på fleire attraksjonar.

Krafta i vatnet
Sjå Fossenbratte nedst i Eikedalen – ein spektakulær foss som det er knytt ei tragisk historie til. Fossenbratte vert kalla «Brudesløret» på folkemunne. Her ligg òg ein krigsminnepark, til minne om trefningane ved Fossenbratte i mai 1940.

Samnanger er kjend som kraftkommune med ei rikhaldig industrihistorie – visste du at kraftstasjonen på Frøland leverte elektrisitet til Bergen alt i 1912? Ta kontakt med Kraftsenteret i BKK sine lokale på Frøland for ei orientering om arbeidet med berekraftig småkraftverk. Tek du kontakt med BKK, finst det høve til ei omvisning i den gamle turbinhallen på Frøland.

På Antons kulturhistoriske senter finn du ei utstilling om kraftutbygginga, og du kan òg sjå dokumentarfilm om krafthistoria i Samnanger.

Krafta i kulturen
Sjå Tusenårsparken Ytre Tysse og paviljongen på Bjørkheim! Kjem du med bil eller båt frå Bergen inn Samnangerfjorden, kan du leggja til ved den nye kaien på Ytre Tysse, vandra langsmed miljøgata og oppleva lydinstallasjonen i Tusenårsparken ovanfor kaien. Paviljongen på Bjørkheim er eit kunstverk av Arkitekthøgskulen i Bergen som Samnanger kommune har fått i gåve. På Bjørkheim er det fint å parkera, og her finn du òg oversynskart over vandreruter i Samnanger.

Samnanger kunstlag skipar til utstillingar i Galleri smio på Ytre Tysse, og Samnanger har òg ei rekkje kunstnarar busett. I lokalavisa Samningen finn du informasjon om kunstutstillingar og andre lokale kulturarrangement.


Kulturminne

Samnanger byr på levande kulturminne: Du kan lesa om kulturminne på informasjonstavler medan du går på tur. Etter avtale kan du vitja ein autentisk treskofabrikk frå tidleg 1900-talet der lite er endra. Ta kontakt med Minnefondet etter Brødrene Reistad.
Les meir…

Ytre Tysse tusenårspark

Tusenårspark, kai og miljøgate på Ytre Tysse vart offisielt opna 18.juni 2011. Flott kai og miljøgate gjer Ytre Tysse attraktiv for både bil- og båtturistar. I parken kan du oppleva samtidsverket ”Samn” av komponist Eilert Tøsse, som er ein profilert kunstnar busett i Samnanger.
Les meir…

Fossenbratte (Brudesløret)

Fossenbratte ligg nedst i Eikedalen, like ved Fylkesveg 7 mellom Samnanger og Kvam. På folkemunne vert fossen kalla «Bruresløret»: I 1950-åra køyrde eit fransk ektepar på bryllupsreise utfor vegen der fossen spring utfor. Det går sti ned i dalen slik at det er mogleg å sjå fossen nedanfrå. Ein kan parkera på stikkvegen ovanfor tunnelen eller ved utsikten like nedanfor tunnelen. Ver varsam når du går i området – ikkje gå ut på kanten!

Krigsminnepark ved Fossenbratte

Sjå ein krigsminnepark ved Fossenbratte, til minne om trefningane ved fossen i mai 1940, under Andre verdskrig. Fossenbratte ligg nedst i Eikedalen, like ved Fylkesveg 7 mellom Samnanger og Kvam. Minneparken ligg ved gamlevegen, like ovanfor fossen. Det er ei minneplate på staden der nordmennene hadde ei av stillingane sine. Samnanger kommune, Kvam herad, Statens Vegvesen og grunneigarar har laga til Minneparken. Den vart teikna av ingeniørfirmaet Instanes v/landskapsarkitekt Olav Tveitnes og vart opna 5. juni 2004.