Ytre-Tysse tusenårspark

Fram til siste delen av 1800-talet var det bønder og husmenn som budde på Ytre-Tysse. Ved sjøen var det rekkjer med naust. Men det var ingen kai, så båtane, m.a. kyrkjebåten, la til i fjæra.

På 1860-talet synte dei første teikna seg på at Ytre-Tysse skulle verta ein tettstad: No kom det dampskipsstopp, postopneri, landhandel og gjestgjevar nede ved sjøen. Men den store omveltinga starta i 1886. Då tok produksjonen til ved Samnanger Uldvarefabrik. Det var krafta frå den mektige Tyssefossen som var grunnlaget for fabrikken.

I dei neste tiåra voks bygdebyen Tysse fram. I tillegg til fabrikken og dei andre føretaka som er nemnde ovanfor, kom her meieri, bank, slakteri, trelasthandel, manufaktur og fleire bakeri. I 1895 var brua over Tysseelva ferdig, med vegsamband heilt til Trengereid. Då vart òg Indre-Tysse, på nordsida av elva, drege inn i tettstadutviklinga med nye bustader og små næringsføretak. Til saman budde det først på 1900-talet over 800 menneske på Tysse (mellom 1/4 og 1/3 av folketalet i Samnanger).

Ytre-Tysse vart òg ein turiststad i desse åra. Turistskip la til ved dampskipkaien ved Røsseland gjestgiveri (eller ankra opp ute på sjøen og sende mindre båtar til lands med turistar). Derifrå vart turistane frakta med hest og kjerre, seinare også med bil, over Kvamskogen til Hardanger (vegen til Norheimsund var ferdig i 1907).

Frå 1909 var Ytre-Tysse viktig for at Samnanger vart ein kraftkommune. Då bygde Bergen Lysverker anleggskaien her for å ta imot byggjemateriale og utstyr til utbygginga av Storelva og den nye kraftstasjonen på Frøland. Stasjonen byrja å levera straum til Bergen i 1912.

I 1931 brann ullvarefabrikken, men ti år seinare starta produksjonen i Safa (Samnanger Fabrikker), strømpefabrikken som vart hjørnesteinsbedrifta i Samnanger fram til 2000-talet. I dag er det ikkje mykje næringsversemd på Ytre-Tysse, samenlikna med «glansdagane». Sameleis som mange andre slike tettsteder på Vestlandet er staden no først og fremst eit bustadområde.

Ytre-Tysse vart i samband med overgsngen til år 2000 valt til å vera Samnanger kommune sin tusenårsstad, og difor har ein laga den vesle parken som du no står i. Ideen bak utforminga av parken er dei rikelege nedbørsmengdene over Samnanger, grunnlaget for kraftproduksjon og etablering av kraftkrevjande industri. Vassdropen og virvelstraumen er utgangspunktet for forma parken har. Parken har ein installasjon med lydar frå Samnanger i dag. Eilert Tøsse har omforma samtalar av gamle, unge og tilflytta samningar, saman med andre lydar frå Samnanger, til komposisjonen – Samn. Tusenårsparken er utgangspunktet for ein kultursti rundt Ytre-Tysse over Tyssereinane.

Tekst: Øyvind Røen, Kjelde: Ivar Bård Aadland – «Samnanger kommune 1907-2007»