Spis og sov

Likar du kortreist mat av villsau, hjort, bær og frukt – eller er modne ostar din favoritt? Vil du overnatta i Samnanger?

Bli ei stund og kos deg i Samnanger
På Bjørkheim kan du få kortreist mat av lokale råvarer i butikken til LAGA – eit samvirke av lokale produsentar i Samnanger. Her kan du òg kjøpa spesialitetar frå Vossabia og andre produsentar av kortreist mat og gardsmat i Hordaland.

Bjørkheim Kro & Motell har vakker utsikt over Samnangerfjorden og tilbyr mat og overnatting. Sigmundstovo kan tilby overnatting i historike omgivnadar og måltidar basert på lokale råvarer og laga med kjærleik. Kanskje vil du ta inn på Gaupholm camping  – eller ønskjer du å overnatta på Øvre Kvernes gard på vekebasis?


Sigmundstovo Gjestehus

Hos Sigmudstovo står dei ekte og naturlege smakane i fokus og dei tilbyr rustikk og smaksrik mat basert på lokale råvarer, laga med kjærleik og omtanke. Sigumundstovo kan tilby fire varme og lune rom med til saman åtte sengeplassar og to bad. Kvart rom har sitt eiga særpregLes meir…

Bjørkheim Kro & Motell

Overnatting langs Fylkesveg 7  – med vakker utsikt over Samnangerfjorden. Overnatt i trivelege enkeltrom eller dobbeltrom. Bjørkheim Kro & Motell har 15 fullt utstyrte bueiningar med 44 senger. Du kan leiga møtelokale og selskapslokale for bryllaup, jubileum eller andre arrangement. Bjørkheim Kro & Motell tilbyr heimelaga mat til arrangementet ditt. Ver ute i god tid for å tinga overnatting.
Les meir…

Gaupholm Camping

Gaupholm campingplass er ein liten, idyllisk campingplass på austsida av Samnangerfjorden. Her er teltplassar og høve til å overnatta med campingvogn eller bubil.
Kontakt Bjarne Solberg, Sævellvegen 509, 5650 Tysse.
Tlf. 56586356
Les meir…

Feriehusutleige Øvre Kvernes

På Øvre Kvernes gard har du høve til leiga feriehus på vekebasis. Du kan bu i eit gamalt, restaurert gardshus på ein liten, men veldriven gard med villsauer i flott vestlandsk naturlandskap på vestsida av Samnangerfjorden.
Kontakt Gudbjørg og Jann Haugen: Tlf. 56586393
Les meir…