Ut på tur!

Du som er glad i urørt natur, fjell og friluftsliv bør ta turen innom Samnanger!  Samnanger byr på utfordringar for menneske i alle aldrar.

Kjenn deg trygg på tur – eller utfordra villmarka!
Samnanger kommune har byrja arbeidet med å merka turstiar etter internasjonal standard utvikla av Innovativ Fjellturisme. Du kan velja mellom 7 merkte turløyper. Du kan printa ut turomtale og kart og ta med deg på tur. På Bjørkheim og Ytre Tysse er det fint å parkera, og du finn oversynskart over vandreruter i Samnanger på Bjørkheim.

Du kan leiga kano, fiskeutstyr og oppleva Samnanger frå fjorden. Det finst òg ei rekkje badeplassar langs Samnangerfjorden.

Om vinteren kan du køyra slalom i Eikedalen skisenter, gå på ski i Totræna vinterpark eller gå på skeisar på fjorden når isen har lagt seg.

Vil du vandra i røft terreng og urørt natur tilrår me at du orienterer deg på kommunen si heimeside.


Ski og vintersport

Eikedalen skisenter er eit godt utgangspunkt for vintersportsopplevingar for heile familien. I Totræna vinterpark kan du gå på ski i lysløype. Ver merksam på at vegen er ganske smal opp mot Totræna og at du må gå eit stykke frå veg og parkeringsplass for å koma til vinterparken.

Les meir…

Fottur

I Samnanger kan du kjenna deg trygg på tur i godt merkte løyper. Hordaland Fylkeskommune og Gjensidigestiftinga har støtta kommunen med midlar til merkinga. I fjellheimen vil den turvante finna eit urørt paradis sommar som vinter!

Les meir…

Båt og fiske

Kjem du i båt kan du leggja til kaien på Ytre Tysse. Vil du leiga kano, robåt eller fiskeutstyr, kan du gjera det hjå Aldal friluft. Samnangerfjorden er rik på fisk.
Les meir…

Badeplassar

Visste du at Samnanger kan by på fine badeplassar? Ta med deg familien og nyt badelivet på små usjenerte strender langs ein roleg fjord!

Rolvsvåg badeplass og friluftsområde er universelt utforma med rullestolrampe og toalett. Badeplassen og friluftsområdet er tilrettelagt av Bergen og omland friluftsråd.
Les meir…