Fottur

Samnanger kommune har byrja arbeidet med å merka turstiar etter internasjonal standard utvikla av Innovativ Fjellturisme.

No er 15 turar merkte etter internasjonal standard i Samnanger. Desse turane finn du omtale av her, og du kan i tillegg skriva ut kart for å ta med på tur. Klikk på lenkjene nedanfor for turomtale og kart. Du kan òg finna informasjon om kulturminne undervegs på turen. Hordaland Fylkeskommune og Gjensidigestiftinga har støtta kommunen med midlar til merkinga. God tur!


Ytre Tysse til Tyssereiane

Turen startar ved kaien på Ytre Tysse, lengde ca 1,3 km og tek ca 20 minutt. Flott tur langs delar av Smådalselva med grillplass. Badekulp, kvernhus, spanande tyskarholer og Jonastova frå 1850 finn ein på denne turen. Turen eignar seg for både dei minste og dei eldste.

Gradering: Grøn.

Last ned turkartLes meir…

Tyssereiane til Smådalen

Flott tur i bratt terreng med utsiktspunktet ”Sjåheim” undervegs. I tillegg lokal historie om ”underbuksemannen”. Ved målet Smådalen flatar landskapet ut og Smådalsvatnet ligg der som ei perle.

Gradering: Raud.

Last ned turkartLes meir…

Nymark til Smådalen

Turen startar ved Nymark, lengde ca 5 km og turen tek ca 4 timar t/r. Fin tur på skogsveg og siste delen på sti fram til Smådalsvatnet. Skytebane i området. Tur for dei gode samtalar ved at ein kan gå fleire i breidda! Dersom ein ønskjer ein rundtur kan ein gå ned att til Tyssereinane og Ytre Tysse. Ein kan òg gå vidare oppover til Burlifjellet som vert ein ”topptur”.

Gradering: Blå.

Last ned turkartLes meir…

Prestavegen

Turen startar ved Samnanger kyrkje på Ådland, lengde ca 3 km og turen tek ca 2 timar t/r. Fin tur på historisk veg med kulturhistorisk informasjon undervegs. Rullestol kan fint brukast på første delen av vegen. Vegen går over i sti ved Søvik. På turen vil ein finna informasjon om Likleitet, Søkvikkleiva og Hellenaustet.

Gradering: Grøn og blå.

Last ned turkartLes meir…

Raudvatnet

Turen startar ved Raunekleiva, lengde ca 3,8 km og turen tek ca 3 timar t/r. Fin tur der ein kjem høgt opp i terrenget med fine utkikspunkt undervegs. Bratte parti undervegs så turen er litt krevjande på nokre parti. Det er òg privat merkte stiar til husmannsplassane Ospekleiva og Nyseterbotn. Dei har også merkt stien til Heiasetre. Frå Heiasetre kan ein følgja stien ned til Bjørnåsen eller setervegen ned til Erikajorda på Reistad.

Gradering: Blå.

Last ned turkartLes meir…

Ådland til Bjørnåsen ned til Erikajorda

Turen startar ved Samnanger kyrkje på Ådland, lengde ca 2,5 km og turen tek ca 2 timar (rundtur). Ein tur som er spanande for born med avstikkarar til diverse undervegs. Tarzan-løype i byrjinga ved Lindane inne i ein granskog. Bekkar undervegs som er godt eigna for ”ploppesteinar”. Hole tre som er kjekke å gøyma seg i. Utkikkspunkt med benk mot Nordvik.

Gradering: Blå.

Last ned turkartLes meir…

Kulturløype frå Grendahuset til Nordvik

Turen startar ved Nordbygda Grendahus, lengde ca 2 km og turen tek ca 1 time t/r. Lett tur der ein kan oppleva kulturhistoriske bygg og deira historie i eit vakkert kulturlandskap.

Gradering: Grøn.

Last ned turkartLes meir…

Botnavatnet

God skogsveg langs Rolvsvågsvatnet og vidare oppover. Skogsvegen går over i sti oppover til Langavatnet. Stien går heilt nede i vasskanten. Ved elva midt på dette vatnet går ein oppover i skogen til ein kjem til Botnavatnet. Eit veldig fint område å gå tur i. Flott utsikt over desse to vatna, og på høgdedrag over Rolvsvågsvatnet ser ein utover heile Rolvsvåg og sjøen.

Gradering: Blå.

Last ned turkartLes meir…

Bruabotn

Frå Langeland til Bruabotn går turen lett. Her går ein på veg, over innmark og på sti. Inne i Bruabotn er ein inne i ein granskog som er både skummel og eventyrleg. Her inne budde det folk tidlegare og det var sjølvsagt ikkje overgrodd slik som no. Ein idyllisk plass i si tid. Sjå omtale i starten av turen.

Gradering: Blå og raud.

Last ned turkartLes meir…

Frølandstjørna

Lett tur i idyllisk område ved Frølandstjørna. Ein går halve vatnet rundt og så tar ein turen via «Fossahagen» og ned att bak Frøland Kraftstasjon. Brakka som var i «Fossahagen» er frå anleggstida (tidleg 1900 tallet)for kraftutbygginga. Grunnmurane står igjen og det er veldig fint i dette området. Herifrå fylgjer ein elva ned til kraftstasjonen. Ver varsam her dersom elva er stor.

Gradering: Blå.

Last ned turkartLes meir…

Lønnebakken – Fitjavatnet

Her fylgjer ein bilvegen til toppen i bustadområdet på Lønnebakken til ein kjem til skiltet ”Til Fitjavatnet”. Her går turen på god sti i kupert område. Ein kjem seg raskt opp og har utsikt over Samnangerfjorden. Siste del av turen går gjennom granskogen og ein kjem ut att i skogsvegen som går til Fitjavatnet. Då vert valet om ein skal gå vidare oppover eller nedatt til parkeringsplassen.

Gradering: Blå.

Last ned turkartLes meir…

Storebrekksvatnet

Etter ein bratt start langs den gamle militærvegen kjem ein opp til vatnet som ligg som ei perle i den flotte naturen. Ved brua over bekken i enden av vatnet kan ein nyta utsikta og nista si. Fint område å leika i for born. Born i alle aldrar klarar fint denne turen når ein berre tar tid til hjelp opp den bratte militærvegen. Sjå omtale i starten av turen.

Gradering: Raud.

Last ned turkartLes meir…

Storebrekksvatnet via Vesterdalen

Turen vert omtala frå Rolvsvågsida: Turen byrjar på asfalt, går over til skogsveg, så eit stykke med sti og til slutt går ein på skogsveg igjen. Frå grustaket (Rolvsvåg Betongindustri) fylgjer ein skogsvegen opp i Vesterdalen. Gjennom denne dalen går ei elv som ein fylgjer eit stykke. Området her vert nytta som beiteområde for kyr, så ver varsam og ha hunden din i band. Mykje furuskog og litt steinete oppover i denne dalen. Ganske flatt område å gå i. Så byrjar ei lita oppstiging på sti til ein kjem opp i skogsveg igjen. Herifrå er det lett å gå opp til Storebrekksvatnet som ligg som ei perle i den flotte naturen

Gradering: Blå og raud.

Last ned turkartLes meir…

Stølane (Totland)

I staden for å gå på tur langs vegen opp til Langeland, kan ein her koma seg litt opp i terrenget. God sti som går langs den gamle vegen frå Langeland til Totland. Fine murar og steinar finn ein her. Ein kjem inn til nokre utløer som også vart omtala som ”geithusa” frå gamalt. Ope fint terreng å gå i på denne korte turen.

Gradering: Blå.

Last ned turkartLes meir…

Åsen – Totræna

Rundturen er ca 3 km, men me har merkt to andre snarvegar ein kan ta undervegs. Området er lett å gå i med litt stigning undervegs. Dersom ein tar snarvegane er det ein fordel å ta dei på veg opp.

Oppe i Åsen ser ein utover Samnangerfjorden og litt lenger inne ser ein utover Tveiterås. Ved Tovegstjørna er det veldig fint og her har grunneigarane sett opp benkar. På snarvegane går ein gjennom granskogen.

Gradering: Blå.

Last ned turkartLes meir…