Ådland til Bjørnåsen ned til Erikajorda

Stad
Ådland eller Erikajorda på Reistad

Turkart

Start- og sluttpunkt
Ådland eller Nordbygda Grendahus

Parkering
Parkeringsplass ved kyrkja på Ådland eller ved Nordbygda grendahus

Merking
Merkt skogsveg og sti

Høgdeskilnad
300 meter

Lengde og tidsbruk
Ca 2,5 km og turen tar ca 2 timar rundtur

Gode råd
Fyrste del av turen går på skogsveg og so vert det sti . Bratt parti i byrjinga og slutten

Turomtale
Ein tur som er spennande for born med avstikkarar til diverse undervegs. Tarzan-løype i byrjinga ved Lindane inne i ein granskog. Bekkar undervegs som er godt eigna for ”ploppesteinar”. Hole tre som er kjekke å gøyma seg i. Utkikkspunkt med benk mot Nordvik.

Rullestol
Ikkje eigna