Kulturløype frå Grendahuset til Nordvik

Stad
Nordbygda

Turkart

Start- og sluttpunkt
Nordbygda Grendahus

Parkering
P-plass ved Nordbygda Grendahus

Merking
Bygdavegen er asfaltert, skilting og kulturhistorisk informasjon undervegs

Høgdeskilnad
50 meter

Lengde og tidsbruk
Ca 2 km og turen tar ca 1 time tur/retur

Gode råd
Turen går på bilveg som er asfaltert. Det er avstikkarar til treskoverkstad, smie, kvernhus, ishus og gamal stove. I tillegg er det ein avstikkar til Nordvikavatnet der det er opparbeida ein liten grillplass.

Turomtale
Lett tur der ein kan oppleva kulturhistoriske bygg og deira historie i landbruksområde.

Rullestol
Godt eigna for motorisert rullestol, men ikkje til smia og kvernhuset