Frå Lønnebakken til skogsvegen mot Fitjavatnet

Stad
Lønnebakken

Turkart

Start- og sluttpunkt
Samnanger barneskule

Parkering
Samnanger barneskule

Merking
Veg og sti

Høgdeskilnad
205 meter

Lengde og tidsbruk
ca 1 km og ca 1 time t/r

Gode råd
Lett tur i skogsterreng. Snarveg til Fitjavatnet

Turomtale
Her fylgjer ein bilvegen til toppen i bustadområdet på Lønnebakken til ein kjem til skiltet ”Til Fitjavatnet”. Her går turen på god sti i kupert område. Ein kjem seg raskt opp og har utsikt over Samnangerfjorden. Siste del av turen går gjennom granskogen og ein kjem ut att i skogsvegen som går til Fitjavatnet. Då vert valet om ein skal gå vidare oppover eller nedatt til parkeringsplassen.

Rullestol
Ikkje eigna