Storebrekksvatnet via Vesterdalen

Stad

Rolvsvåg

Turkart

Start- og sluttpunkt

Rolvsvåg eller Sagavatnet

Parkering

Dersom ein går frå Rolvsvågsida – parkering ved ungdomshuset. Dersom ein går frå Sagavatnet – langs hovudvegen

Merking

Skogsvei og sti.

Høgdeskilnad

270 meter (frå Rolvsvåg), 334 meter (frå Sagavatnet)

Lengde og tidsbruk

4,5 km og ca 2 timar (frå Rolvsvåg), 6,2 km og ca 3,5 timar (frå Sagavatnet)

Gode råd

Turen vert omtala frå Rolvsvåg: skogsveg og sti (litt utydeleg enkelte plassar, men det er godt merkt). Omtale frå Sagavatnet: sjå Storebrekksvatnet.

Turomtale

Turen vert omtala frå Rolvsvågsida: Turen byrjar på asfalt, går over til skogsveg, så eit stykke med sti og til slutt går ein på skogsveg igjen. Frå grustaket (Rolvsvåg Betongindustri) fylgjer ein skogsvegen opp i Vesterdalen. Gjennom denne dalen går ei elv som ein fylgjer eit stykke. Området her vert nytta som beiteområde for kyr, så ver varsam og ha hunden din i band. Mykje furuskog og litt steinete oppover i denne dalen. Ganske flatt område å gå i. Så byrjar ei lita oppstiging på sti til ein kjem opp i skogsveg igjen. Herifrå er det lett å gå opp til Storebrekksvatnet som ligg som ei perle i den flotte naturen

Rullestol

Ikkje eigna