Ytre-Tysse til Tyssereinane

Stad
Ytre-Tysse (tusenårsstaden)

Turkart

Start- og sluttpunkt
Kaien på Ytre-Tysse eller Tyssereinane

Parkering
Kaien på Ytre-Tysse eller Tyssereiane ved Samnanger ungdomsskule

Merking
God grusveg med kulturhistorisk merking. Informasjonstavle ved parkeringsplass

Høgdeskilnad
50 meter

Lengde og tidsbruk
Rundturen er ca 1,3 km og tar ca 20 min

Rullestol
Heile vegen har fast grusdekke, og er svært godt eigna for motorisert rullestol

Gode råd
Ein tur for samtale og meditasjon. Ein fin turveg som også passar for barnevogn